Overspenningsvern Figur 14.1 FG-godkjent overspenningsvern for tele og data. Overspenningsvernet bør vere FG-godkjent.
14 Sikring av installasjonar og data
Sikring og overspenningsvern
Årsaka til overspenningar/spenningstransientar kan vere feil på straumnettet, lyn, sikringsbrot, start/stopp av motorar, relé, utlading av statisk elektrisitet og liknande. Dei største skadane kjem vanlegvis som følgje av lyn: straumar på grunn av lyn kan kome opp i 100 000-200 000 ampere induserte spenningar i kablar kan kome opp i mange tusen volt lyn har svært kort tidsfaktor, rundt fem mikrosekund frå utlading til topp straumverdi etter få nanosekund kan spenningane i kablar kome opp i verdiar som kan skade det elektroniske utstyret Sjå meir om overspenning og lynskadar her: Lyn http://www.teletekno.no/
Overspenningsvern
Figur 14.1 FG-godkjent overspenningsvern for tele og data. Overspenningsvernet bør vere FG-godkjent.
Overspenningsvern, eigenskapar
Overspenningsvern bør ha desse eigenskapane: kort responstid evne til å avleie store energimengder definert spenningsnivå for aktivisering ingen innverknad på signalspenningar
Komponenttypar i overspenningsvern
Gassfylte overspenningsavleiarar (gassutladingsrøyr) Smeltesikringar Varistorar Gneistgap Diodar For å få effektive overspenningsvern er det nødvendig å kombinere fleire komponenttypar (fleirpunktvern). Meir om overspenningsvern finn du her: Vern http://www.lastmile.no
Jording
Formålet er primært å sikre personar, installasjonar og utstyr mot skadar som følgje av overleiing og overspenningar. Skal skaffe ein felles referanse, slik at spenningsreferansen er den same i heile anlegget. Kvaliteten på jordinga er avhengig av tverrsnittet på jordleiaren, termineringa ved jordskjena og jordelektroden. Avstand, jordsmon og plassering av jordelektroden speler også ei rolle for god jording.
Jordsamband
Hovudkopling tele PABX Datagolv Data Data Tele Data Tele Fordelingsskap 230 V Vernejord Hovudtavle 230 V Hovudjorda i bygget Jordsamband til vassrøyr Jordsamband til avløpsrøyr Jordsamband til armering Referansejord Signalreferansepunkt Etasjereferansepunkt Etasjereferansepunkt Fordelingsskap 230 V Jordelektrode Figur 14.2 Jording av tekniske installasjonar for informasjonsteknologi i bygning.
Avbrotsfri straumforsyning, UPS
230 V AC Last Figur 14.3 Avbrotsfri straumforsyning, UPS.
Elektromagnetisk kompabilitet (EMC)
Vil seie at utstyret er i stand til å arbeide fullgodt i eit elektromagnetisk miljø utan å forstyrre anna utstyr. Vedtektene om EMC finn vi i EMC-direktivet. Alt elektrisk og elektronisk utstyr som blir produsert og marknadsført, er underlagt EMC-direktivet. Ulovleg å marknadsføre eller ta i bruk utstyr eller produkt i EU- og EØS-land utan at dei held seg innanfor dei fastsette grensene for elektromagnetisk utstråling og immunitet mot slik stråling. EMC-direktivet inneheld også spesifikasjonar som gjeld tryggleik og helse i samband med elektromagnetisk stråling. Produkt skal vere CE-merkte (Commununauté Éuropé, Den europeiske fellesskapen).
EMC, aktuelle linkar
Frekvenskontrollen (tidlegare Radiostøykontrollen) EMC-direktivet Støy på nettet EMC-instrument INFO INFO INFO INFO http://www.npt.no/ http://ec.europa.eu/ http://www.heis.no/ http://www.nortelco.no/
ESD-sikring
ElectroStatic Discharge, elektrostatisk utlading. Feil på grunn av statisk elektrisitet er ofte variable og vanskelege å lokalisere. Elektrostatiske utladingar fører ofte til svakare komponentenar (karakteristikken til komponentenane blir endra). Fører til periodiske feil eller til at utstyret feilar under spesielle forhold, til dømes når utstyret blir varmt. Vi kan unngå skadar om vi nyttar utstyr som vernar mot ESD, eller som fører til ei kontrollert utlading. Tiltak, merkeskilt og spesialutstyr knytte til statisk elektrisitet går under nemninga ESD-sikring.
ESD-utstyr
Figur 14.4 Antistatisk utstyr og emballasje.
ESD-tiltak
Merking med varselskilt Spesialgolv med leiande belegg Spesialklede og spesialfottøy ESD-armlenkje Antistatisk arbeidsmatte Antistatisk emballasje
Personvern og datatryggleik
Viktig å sikre at ikkje uvedkomande får tilgang til informasjon om enkeltpersonar som blir overført på nett og lagra i elektroniske register og databasar. Bedrifter og offentlege styresmakter må ha gode sikringsmekanismar og rutinar som hindrar at sensitive opplysningar kjem på avvegar. Datatilsynet i Noreg har som oppgåve å gi retningslinjer og sjå til at dei blir følgde når det gjeld kven som skal ha tilgang til slike register, kva slags type informasjon som kan lagrast, og kor lenge informasjonen kan lagrast. Sjå meir om Datatilsynet her: Datatilsynet http://www.datatilsynet.no/
Miljøtryggleik
Alt elektronisk utstyr som blir deponert, må reknast som miljøfarleg avfall og handterast forsvarleg. Miljøgiftige stoff må skiljast ut og ikkje hamne ute i naturen. Miljøfarleg avfall skal leverast på mottak for spesialavfall. Det er viktig å tenkje resirkulering og gjenbruk. Elektronisk kommunikasjon er rask framfor fysisk transport og papirbasert sending, reduserer energibruk og sparer natur og miljø. Overvakingssatellittar observerer vêr og klima, overvaker naturmiljø og varslar naturkatastrofar omkring på jorda. Det er viktig å vere klar over at alt elektrisk og elektronisk utstyr kan representere ein viss strålingsfare. Sjå meir om dette her: Stråling http://www.teknofil.no/
Comments